fredag, april 24, 2009

Slåss du?!

Eg har iløpet av dei siste 6 åra stått mang ein kveld i døra, og det er noko eg endå ikkje forstå, og ei heller nokon gong kjem til å forstå... Kvifor slåss folk?!
Kva motiverar gutongar og jentungar( ja eg kallar dei det, uansett alder) til å slå kvarandre?! Til å gjere skam på foreldra sine og familie ellers? Mange kallar det eit spørsmål om ære, eg lurar på kven si ære dei forsvarar... Tenker dei ikkje på at dei kan skade seg sjølv eller andre? Kva motiverar dei til å slå folk til dei ligg der livlause? Eg skjønar det ikkje...

Slik eg ser det så er det mykje betre å bruke orda du får utlevert, det er gjennom ord vi skapar endring.. Slåss dei på grunn av mangel på språk? Ikkje alt kan skuldast på alkoholen.. Å når vi er inne på alkohol, kor mange gangar høyrer du ikkje " han eller ho er berre slik når dei drikk sprit!" Koffor i alle dagar fortsett du då å drikke sprit?! Kvar er fornuften?!

Vi er ufattelig heldig som bur i Noreg, og eg er fryktelig glad for å bu i dette landet som gir meg det eg treng.. Eg oppmodar alle kamphaner og høner til å løfte blikket utom landegrensene våre og sjå på kva det betyr å slåss for livet, å måtte bruke alle dine krefter for å overleve... Kvar dag døyr folk pga krig og svolt, her i Volda slåss vi for å "markere reviret vårt", vise kor tøffe og sterke vi er..Tenk deg om neste gang, du bortskjemte vesle pjokk eller frøken som vert så sint for at nokon såg litt for lenge på deg, eller slengte ein kommentar, er det verdt det?!
Vis at du er eit betre menneske å gå vekk frå situasjonen.. Som eg tidligare har sagt; skulle eg slå nokon kvar gong eg fekk ein kommentar så hadde eg ikkje gjort noko anna enn å slåss.. Voks opp folkens!!

Sjølvsagt i ein blogg vert bilete svart kvitt, eg tolkar ikkje grånyansanes sjølv om eg veit at dei fins.. Kanskje er eg bortskjemt som har vakse opp i ein trygg heim der vald ikkje var eit tema..
Eg håpar at vi saman kan prøve å få vekk denne ukulturen som pregar spesielt helgefylla.. At det "alltid har vore slik" er inga unnskyldning.. Det er aldri forseint å forandre seg, kanskje kan mine born gå ut utan frykta for å få eit glas knust i hovudet, få slått ut tenner eller knivstukke?! Eg håpar på det!

Ingen kommentarer: