søndag, mars 28, 2010

tanketømming..

Ein morsom ting eg fann på ein annan blogg.. Skriv ned akkurat det du tenker på utan å redigere.. Dette vart mitt første forsøk..Usamanhengande, nett som ho som skriv:P

Er det lov å syns at det er for mykje fokus på fotball?
Eller er det politisk ukorrekt?!

Når vi i 2010 har elektroniske duppedingsar for alt, har det teke fokuset vekk frå å høyre korleis folk eigentleg har det? Har internettet gjort oss meir falske og blaserte? Vi viser den personen vi vil at folk skal sjå, ikkje den personen vi eigentleg er?

Hugs å ta vare på dei rundt deg, være ærlig og oppriktig, gi nokon ei skulder å gråte på eller guts til å ta tak i vanskelige ting!

Som Luis sa igår, vi treng meir kjærleik i verda, og eg trur han har rett..

Ingen kommentarer: