søndag, mars 21, 2010

Eg likar sundagar

Etter å ha vore inne sidan torsdag pga sjukdom so kom eg meg utfor dør idag..
Skulle eigentleg vore på jobb i Aasentunet idag, men tette bihuler og haudeverk er ikkje det beste når ein skal yte service. Nysing er heller ikkje so sjarmerande når ein skal drive med mat..

Men sola den lurte meg ut for å teste forma, etter å ha sove til langt på dag, og den varma godt! Eg og Geir gjekk utover mot Andaneset og det verka som halve Volda hadde tenkt med oss. Her på Sunnmøre er vi klar over at om det er sol så er det bere å kaste alle planar å kome seg ut! Det er ikkje sikkert det er slik imorgon!

Etter at kroppen hadde gitt beskjed om å snu, so gjekk vi innom "gata" på veg heim. Der fann vi ein lystig gjeng som skulle på Viva å ete sundagsmiddag. Vi fann ut at det var ein god ide, og etter ein pizza og god underhaldning, tok vi turen til Narvesen for årets første softis! NammIS:)

Eg likar slike sundagar, der alt er spontant og ingenting er planlagt, der ein leikar med bra folk og sola skin!

Etter bytteseanse og moteshow på Rokken fann eg soffan og INGEN GRENSER på nrk!
For eit program! For ein viljestyrke!! Desse er utan tvil mine heltar!

Ingen kommentarer: