lørdag, mai 09, 2009

Kva om..

Kva om du ringte den telefonen du aldri ringte, eller om du opna den døra den natta som du droppa fordi det var for seint.. Kva hadde skjedd då? Hadde livet vorte det same?

Eg grublar mykje for tida.. Mest fordi eg er sjuk og ikkje får ut all energien gjennom aktivitet..
Eg treng å verte frisk slik at eg kan få ut energien min på ein sunnare måte enn å tenke den ihjel..
Kva er med på å forme oss? Er vi den vi er fordi vi sa ja og nei på dei rette plassane?
Og har ein angrerett på dei vala ein tek?

Eg har alltid sagt at alt ein gjer er med på å forme deg som person, og alle du møter har ein plass i livet ditt.. Men kan ein misstolke kor stor eller liten den plassen eigentleg skal vere?
Dette vart mest nattesurring, og eg skriv det mest for å få det utav hjerna..
Er eg den eg skal vere? Eller var det noko anna eg skulle verte?!
Kva om eg hadde velgt annleis, hadde eg sete her idag då?!

Ingen kommentarer: