lørdag, mai 02, 2009

I tenkeboksen

Skulle ha lagt meg for lenge sida.. alt låg til rette for det, gjekk til å med heim rett etter jobb.. Men hovudet sluttar liksom ikkje å kverne... Ei dose frisk luft med regn trudde eg skulle vere tingen, men det gjor meg bere våt og kald.. Så no har eg teke ein varm dusj og skal prøve å blogge det ut i stadenfor...

Som eg har nemnt før er vår i Volda er for meg veldig todelt.. På den eine sida har vi lysare tider, herlige soldagar og masse kos.. På den andre sida så markerar vår i Volda at ein haug med bra folk er ferdig å studere, og forlet meg her.. Ikkje det, eg har heldigvis masse fantastiske folk rundt meg fortsatt.. Utan dei hadde eg nok verkeleg i hi..
Men ikkje bere skal folk som betyr masse for meg reise, men vår betyr også ferdigutdanna.. No skal ein ut i den verkelege verda.. Verte vaksen.. Det er her tankeboksen min kvernar for fullt..

For eg er utdanna lærar, har aldri jobba som det bortsett litt vikartimar.. Eg veit ikkje om dette er yrket for meg.. Eg har vore utdanna lærar no i 4 år og burde vell strengt tatt tatt stilling til dette før alt eg har lært forsvinn ut av hovudet, men på same måten som eg gjerne vil være lærar så har eg absolutt ikkje lyst til det.. Er livredd for å slite meg ut på same måte som folk rundt meg gjer i dette yrket.. Dette veit eg sjølvsagt ikkje før eg har prøvd, men kontrollfreaken/pysa/pesimisten i meg har sett inn nokon sperrer..

Då bør du vidareutdanne deg sei mange, og det var ei periode der eg verkeleg trudde det var vegen å gå, men no veit eg ikkje lenger.. Kva i alle dagar skal eg bruke ein master i samfunnsplanlegging og leiing til?! Kva slo meg når eg syns det var ein god plan? Var det angsten for å ikkje verte noko her i verda? Same angsten som har meldt sitt inntog no?!

Kanskje burde eg starte på nytt, finne ei anna utdanning? Men då kjem bremsene igjen.. Eg er snart 30 år, som forøvrig ikkje er nokon alder, men eg burde strengt tatt starte å jobbe slik at eg får pensjon om 40 år?! Å dessutan så er det å flytte frå sunnmøre uaktuelt.. Eg er alt for avhengig av å ha kjærasten, familie og venar rundt meg.. Å starte på nytt no saman med ein haug med 19åringar er ikkje eit alternativ.. Camilla og russen?! Trur ikkje det...

Korleis går det med husplanar spør folk, når eg finn meg ein 100% jobb er svaret.. Men kva jobb vil du ha då? Akkurat det har eg faktisk ikkje svaret på...

Så då set eg her, like vis som ein inntørka svamp.. Jobbar 50% i ein jobb eg eigentlig trivast i, og treff masse herlige folk som eg likar å jobbe saman med.. Kanskje det skal få være greitt litt til? Eg vil ikkje verte ho på 50 som er arrangementsansvarlig på eit studenthus, men eg kan då vere det til eg er 30 kanskje?
Muligens so skyv eg bere problema framfor meg.. Men samtidig tenker eg at det må vere greitt å hoppe av dette jobbkjøret.. Der du skal jobbe 9-16, ha stasjonsvogn,villa og vovvov..
Kanskje er ikkje dette livet for meg, sjølv om eg føler det er det livet ein "skal ha"..?!

Eg får vell bere tulle rundt litt til.. Kaste vekk endå fleire pensjonspoeng og gi dei rundt meg grått hår fordi eg aldri klarar å bestemme meg.. Å ikkje minst kjem eg til å bruke enda fleire netter på å tenke på kva eg gjer og kva eg burde gjer..
Kanskje finn eg til slutt svaret?

2 kommentarer:

Sunroad sa...

Flytt til Larvik, so sleppe du å vere; Camilla og russen ;) Men ej skjønna problemstillinga di... d e litt skummelt å plutselig skulle bli "vaksen", jobb, hus, stasjonsvogn og 1,5 barn...
Du finne nok ut korleis du vil gjere d Camilla :)

Camilla sa...

Hehe.. ikkje sant?! det hadde gjort sej;P e nok for langt unna min kjære mor og far;P Litt for heimekjære;P

Voksen skal ej nok klare.. Bere slite me å finne ut ka eg skal drive med når ej blir stor;P