mandag, mai 25, 2009

Kom Mai du skjønne milde!

Dinglavatne 23.mai
No nærmar vi oss slutten av mai, bere nokre få dagar igjen før det heiter juni! Då vert det sommar sant?! Eg heiar på at sola skal varme oss i heile sommar, eg treng fargen til bryllaupet eg skal vere forlovar i som er i slutten av juli..
Mai har forsvunne i ei rasande fart..
Iløpet av mai har det vore X2, Vengaboys, nasjonaldag og fleire konfirmasjonar! Vi har fått helst på sola, fått litt farge og kosa oss ilag:)




Nasjonaldagen vart feira med første frikveld på ein 17.mai sidan 2003!! Eg utnytta den på best mogleg måte med gode venner på terassen! Vi kosa oss med god mat, god drikke og ikkje minst godt selskap:)
Her har klokka vorte mykje, og vi har ikkje vett til å legge oss;p

Ålesund vart også besøkt i mai.. Viktig å handle masse ting for pengar ein ikkje har.. Det er eg innmari god på!! Men heldigvis så trengte eg ny sommargarderobe så eg hadde ei god unnskyldning til å shoppe!:)

Kjærasten min hadde også bursdag i mai, eg prøvde i stor grad å vere snill kjærast og gi han kjekke gaver.. Neste år er han 35, å då skal eg overaske han med noko ekstra moro:) Gledar meg;p

Denne veka går slag i slag med jobbing og sosialisering.. Det er siste dagane til mange, og eg løyser det faktum at eg hatar avskjedar med å rett og slett rømme frå Volda denne helga.. Då kan eg leve i trua om at alle er tilbake i august;p Eg reiser til Riga på torsdag, og det er meldt sol og varmt! Eg har alt starta å mentalt pakke, og ikkje minst kva eg skal handle på taxfree! Joy:)

Ingen kommentarer: