onsdag, juli 30, 2008

Voldaboble eller Voldavakum?

So var vi tilbake i Voldabygda...Merkelege bygda, der tida står stille.
Her får ein ei kjensle av å bu i ei boble.. Men om sommaren so må det vere meir som å bu i eit vakum. Alt er det same, ingenting har endra seg sjølv om eg har vore vekke i 3 veker. Det er sikkert slik over alt, vert sikkert slik sidan eg set altfor mykje framfor tvn.. Ikkje vant med så mykje tid til å tenke. Hehe.. 3 veker med ferie er ikkje bra for hovudet mitt vertfall.. Eg set igjen med mange spørsmål og få svar. Skal, skal ikkje, tenk om, vist atte.. Nei, håpar at studiestart kan komme fort slik at eg har noko anna å tenke på! Perioda 15 august -15 oktober kjem til å gå like fort som 3 veker med ferie.. Og mest sannsynleg kjem eg til å trenge litt ferie når denne perioda er over.

Eg har brukt store delar av livet mitt på tull. Trur det at eg var snusfornuftig og frykteleg vaksen til eg vart 17 har gjort at eg har mykje tulling til gode. Bere så dumt at eg i ein alder av snart 28 skulle hatt fast jobb og muligheita til å ta meg opp i lån i banken slik at eg kan bygge meg hus, få born og stasjonsvogn. Slik er det ikkje. Eg har ein tullejobb og er ein tullestudent... Ikkje akkurat det A4 livet ein bør leve.. Men eg likar å ha det slik, vertfall det eg sei til meg sjøl, at eg har god til til å verte vaksen. Men sjå slest dei litt desse to sidene i meg. Fornuften og følelsane står på kvar si skulder og kranglar høglytt.. Akkurat no er eg usikker på kven som vinn. ..Hadde vore fint om nokon kom å rydda opp, tok alle valga og ordna alt føre eg.. Men så enkelt skal ikkje det vere.. Så da tek vi enklaste utveg, og tullar litt til.. Så får vi sjå.. Eg kan vertfall så langt etter draumehuset med den inntekta eg har no.. Men den som ventar på noko godt sei dei.. Hadde vore fint om Norsk tipping tok å ringte ein Laurdag;)

Medan eg prøvar å verte vaksen driv eg å testar ut ting vaksne gjer. Eg har iløpet av 2 dagar kjøpt 10 kg jordbær. Igår kjøpte eg 5kg som eg lagra for bruk til strawberry daquiry, Idag kjøpte eg 5 nye kg som eg laga rørt syltetøy av. Eg ordna og mekka, og alt var gjort før 12.. Ikkje verst for å vere meg! Mamma og søskena tok turen til Volda, så idag sat vi på terassen og åt lunsj med vaffler og camillalaga syltettøy.. Vart ganske godt! Eg er i tillegg ein racer på å mekke vaffler, så bere å kome på besøk:) Eg og Gunnhild skal også prøve oss på å lage saft:) Ripssaft! Nammis:)

Eg driv å les Snømannen av Jo Nesbø.. Fytti for ei skummel bok.. iiiik.. Får frysninga når eg tenke på den.. Men skal verte ferdig.!

Tone og Rune flytter på fredag... Sukk.. Urettvis.. Men heldigvis så er dei nødt å stikke innom avatil:)
"Its better to leave than to be left alone" sei dei.. Eg er litt enig..

3 kommentarer:

Ingaplinga sa...

bobla du frøken vik?
kjekt å vere voksen, sjøl om de e kjedelig også. men de bikka over på mi bikke altså! e helde me voksen! tjo-ho!

kom en tur til me da, no skal vi levere bråkmakergata'n i mårra, å da har e litt mindre å tenke på! tjo-ho!!!

Camilla sa...

Her e d full bobling vettu..
Voksen er nok ikkje heilt fristande enda.. Men kjem nok dit til slutt.. hehe

Må vell ha oss en tur å sjå på herligheta:) Ka dokkje jr på i helga?

Ingaplinga sa...

har vel ingen plana tror e. veit at henning skal sjå den solskjær-kampen. ve kje om nella kjeme, eller om ho ikkje kjeme... forstår kje me heilt på sånne ferieavviklinga e! haha
om ho kjeme stikke vi nok til ørsta, om ikkje blir vi her! kan kje vi plingast i mårra da?

zmazk