søndag, juli 27, 2008

Dag: 16,17,18. Location: Oslo baby, Oslo!

Onsdag pakka vi alt pikkpakket vårt inn i vår store, vesle Audi a3. Trur verken Cecilie, Solveig eller Stein trudde vi skulle få alt inni. Men min Geir er flink å plassere, så ca 12 var vi klar til å erobre E6! Vi susa innover og plutselig var vi i tigerstaden.
Vi parkerte og sjekka inn på plaza,der eg og Geir fekk handicap-rom.. Hehe.
So gjekk vi over til det vakre operahuset der vi kosa oss i sola. Ragnhild kom også haltande. Ho har lært at viss du skjer deg under foten så skal du gå til doktor med ein gong, ikkje vente i 4 dagar. At ein ikkje kan trakke på foten er vist eit dårleg teikn.

Etter nokre timar på marmoren så måtte Solveig, Cecilie og Geir dyppe seg litt i bassenget på plaza.. Då dei var ferdig dyppa så gikk eg, Ragnhild og Brigt ove å drakk kaffe, medan resten dusja. Eg droppa kaffien og tok ein smoothie istadenfor,varmt i varmen er ikkje heilt min favoritt.. Litt seinare åt eg, Geir, Ragnhild, Solveig og Cecilie på dattra til Hagen, god mat i en nydelig bakgård. Desse bakgårdane er noko eg saknar her i Volda. Lure på om eg må lage ein!
Kveldens siste øl tok vi på Oslo Mekaniske Verft, også ein kjempe koselig plass, som ligg ute på Grønland. Vi tok kveld tidlig, ferdig kokte etter ein fin fin dag i Oslo.

Torsdag var det tidlig opp og shoppe. Vi rusla litt i butikkar før eg og Geir for opp på Valle Hovin for å sjå Team Maiden mot Team Norge. Moro moro! Ikkje bere var kampen gøy, men det å sjå så mange "rockarar" sjå fotball var igrunnen det beste. Hehe..
Etter middag var det å finne vegen oppigjen til Valle Hovin, no til konsert!! Å for en konsert:)
Lyyykke:) Medan arrangøren må lære seg å ha dopapir på do, nok vatn og at betong er grusomt å stå på, så leverte Maiden så det holdt! Det var nice:) Under konserten kom også Cecilie som er kjærast med min bror og Laila F! Moro å sjå begge to:) Kjekt å vere mange når ein står på konsert:)
Etter konserten køa vi oss ned til sentrum der vi gikk på Garage og tok ei øl. Akkurat som for 2år sidan i Bergen!

Fredag sto vi opp og shoppa litt før vi åt lunsj saman med Ragnhild. Så var det å finne vegen mot Gjøvik. Tullete å kjøre bil når det er så fint ver, men hadde 1000 ting å fikse før bryllupet.
Etter ein tur innom IKEA, og å ha kjørt ein liten omvei så susa vi oss til Gjøvik der vi fekk servert middag når vi kom. Luksus å vere på ferie når ein kjem til dekka bord. Resten av fredagen gikk med til bryllupsførebuingar.. Ikkje bere bere å dra i bryllup.

Ingen kommentarer: