søndag, juli 27, 2008

19 og 20. Stad: Lillehammer og end of tour 2008

Laurdag sto vi opp og pynta oss. Det var allereie fryktelig varmt når vi hadde fått på oss klea. Eg prøvde å sminke meg men fann ut at det var bere tull. Vannfastmaskara var det einaste som funka. Prøvde å sette opp håret, men krøllane eg prøvde å lage fredag kombinert med varmen, så vart det eit takras i løpet av dagen. Ikkje akkurat den freshaste dagen i mitt liv.

Etter å ha innsett at eg var den minst pynta i Nato som skulle i bryllup var det vielse i Lillehammer kirke. ( Kan du forresten verte noko anna enn prest når du heite Kappelrud til etternavn?!) Nydelig vielse og eit nydelig brudepar. Ingvild, søskenbarnet til Geir, såg ut som ei prinsesse i den nydelige kjolen og det flott oppsett håret.

Eg veit at før bryllupet til Sol og Cec skal det proffe hender oppi mitt hår. Absolutt verdt pengane, bedre enn å kjenne at det du svetta og banna over er på vei sånn ca over alt.

Vi var innom hotellet og skifta ette kirka, kjolen eg tenkte å bruke vart bytta ut med skjørt og topp med tunika uttapå. Aaalt for varmt med lange armar på ein slik dag.
Bryllupsfesten var på banken i Lillehammer, som var eit fryktelig varmt murhus. Beina min dei hovna opp til anklane forsvann og eg måtte bytte sko. Då er det flott å ha ein Geir som hentar sko på hotellet og gidd å trykke litt på føta mine for å oppnå litt sirkulasjon. Urutinert av meg å gå og stå i mange dagar før eit bryllup, og ikkje minst dumt å gå i nye sko. Hehe..

Men på tross av varmen vart det ein fin fest, med flotte gaver og ikkje minst flotte talar! Trur ikkje eit auge var tørt etter brudegommens si tale. Dei var eit nydelig par, håper dei lever
lykkelig inn i evigheten;)
Håpar at eg får lov til å gifte meg ein gang! Det vert ein kjempefest med 200 av mine og Geir sine nærmaste:)

Søndag var det å ete frukost og pakke oss inn i bilen. Så var det timar med biling før vi var i Volda. Strålande sol og 30 grader er noko tull å kjøre i, men må ein så må ein. Takk og pris for aircon. Vi susa oss nordover og etter knappe 7 timar med ein del stopp og venting på ei ferge som går når den kan, og ikkje når det skal, så var vi framme i Volda. Vi kom opp i ei ulykke på veg opp på strynefjellet så der vart litt venting. Framme i Volda så lasta vi utav bilen og fekk alt på plass. Det er mange timar med klesvask framføre oss.

Vi har gjennom heile turen vore veldig bevist på at det er viktig å ta seg god tid, og ikkje stresse når ein køyrer bil, det hadde vore dumt å skade seg bere fordi ein stressar med å kome seg frå A til B. Livet er litt for dyrbart, det har vi desverre vorte mint på her på søre sunnmøre denne veka. Vi må prøve å huske at vi er sårbare og ta vare på kvarandre.

Med dette var Tour 2008 over. Det har vore ein fin ferie med mange fantastiske opplevingar.
Eg er glad fordi eg har så mange fantastiske vener over det ganske land. Tenk om alle hadde hatt vener som dykk! Då hadde det ikkje vore krig i verde, bere Lykke:)
Til alle dykk som ikkje vi rakk å besøke denne gangen, så kan eg bere sei at vi har ikkje gløymt dykk! Vi dukkar nok plutselig opp!!

4 kommentarer:

Ingaplinga sa...

oioioi! 200 du! det va jaggu ti møøøøkje! haha!

ha fått me me heile ferien dokka e no, takka vere bloggen. litt misunnelig på alle konsertane ja! sku GLEDELIG ha bytta dei ut me malinga og skuringa mi! e ha faktisk funne ut at de lite e hadde ta negla før, de fins faktisk absolutt ikkje lenger! va nesten sånn at e kjøpte me lausnegle i dag!

håpe vi treffest i den delen av sumaren som e igjen. regna me at de blir litt mindre stress her ette 1. aug når bråkmakergatan e ferdig vaska og levert :D

zmazkedask

Camilla sa...

Hehe.. 200 ja.. viss vi skal ha alt ta venna og familie då verte vi en god gjeng.. hehe
He absolutt vore en flotte ferie me masse gøy!Ej hadde også heller fore på ferie enn å male.. Ditta veit ej alt om..hehe..

Håpe vi sjåast ja!;) Gleda mej til å sjå casaen:)

Anette sa...

Vi er heldige som har fantastiske venner som dere også! Takk for masse besøk!

Camilla sa...

Takk søte Anette:)
Var kjempe koslig å besøke deg:)
Plutselig er vi tilbake:)