torsdag, juli 17, 2008

Dag 6, 7 og 8. GRIMSTAD, Skral, Groos, Kæmp Volda.

Så var det dagen for Skral Festival! Eg hadde sommarfuglar i magen når eg nærma meg Kæmp Volda. Å jaggu for ei helg! Frå Torsdag til Søndag var det maks gøy! Her var der få sure miner, sjølv om regnet pøsa ned så hadde alle rette innstillinga. Her var vi for å kose oss og det gjorde vi! Øl og musikk er ein av mine favorittkombinasjon!
Torsdag vart det ikkje så mange konsertar, dagen gjekk stortsett i å orge teltet. Men fekk med meg Donavon Frankenreiter og Kent! Gode konsertar begge to! Kent hadde eit utrulig bra show med fantastisk lysshow!

Fredag shoppa vi partytelt og anna stæsj, frukost på mcdonald og sløva på senterkafeen.
Fekk med meg Truls and the threes, Katzenjammer (Knall moro konsert!!), Enslaved, The presidents og the USA og så avslutta Big Bang kvelden. Big Bang var som vanlig flinke og leverte, men kjenner at eg har sett dei litt for mange gangar..

Lørdag hadde vi ein kjapp tur til sentrum for å handle forsyningar, så var det å sløve i kæmpen. Vi brukte masse tid i den fantastiske kæmpen vår og ordna partytelt og bord.
Kæmp Volda besto av; Ida, Mari, Torgeir, Anne, Camilla, Geir, AnnCecilie, Siri, Kristine, Christina, Anne Marte, Hanne og ei til. Vi hadde også eit par stykker som var random innom som underholdning. Faantastisk moro! Vi hadde svart belte i allsang og sang på det som kunne synges.
Vaktene på skral syns vi var svært hyggelige, så vi ordna oss slik vi ville. Det var stor stemning i kæmpen, og ein viste aldri kven ein fant når ein kom tilbake. På eit tidspunkt var det kø for å komme inn i kæmpen.. hehe..

Laurdag såg eg Surferosa, Lukestar, Danko Jones, Superfamily og Madrugada. Alle var flotte konsertar, med Surferosa, Danko Jones og Madrugada var nok mine favoritta denne dagen.
Madrugada var veldig spesiell, sidan det var 1.år sidan Robert Burås døde. Madrugada leverte ein magisk konsert! Lykke!
Søndag var dagen for å samle saman loppene og reise tilbake til Larvik. Litt slitne, men fantastisk gla for å ha vore på Skral. Eg skal tilbake neste år! Det er vertfall heilt sikkert!!

Ingen kommentarer: