torsdag, november 15, 2007

Å so var den der igjen..

Etter å ha vore i dvale i heile haust, har den no kome opp i dagen..
Eg har klart å oversett den ganske lenge faktisk, men no kan eg ikkje halde den unna.
Semesteroppgåva har festa sitt klamme grep.

So no set eg her, med engelsk pensum og dårleg tid. Ikkje akkurat det eg hadde tenkt meg før sommaren, då eg lovte på tru og ære at eg skulle vere flink student denne hausten.. Men sånn gjekk det då ikkje.. Eg har heldigvis skumma gjennom pensum tidligare i haust så eg har ei lita oversikt.. heldigvis.. hehe..
Og medan eg set her og sutrar over min manglande sjølvdisiplin er Ingebjørg og Henning på veg til København. Søte søte byen.. sukk.. Julemarkede på tivoli har opna og alt.. Den som kunne vore i Danmark å sett på julepynt og kosa seg.. Heldigvis så er det no bere 3mnd igjen til Barcelona! Og bere 1mnd og 9 dagar til juuuul:)

I helga vert det julegaveshopping, må bruke opp restane av oktoberlønna, sidan over halvparten går til kjære kjære lånekassa.. Har heldigvis hatt mykje moro for dei pengane, 300 000 med gode minne:)

Dagens spanske: fin de semana = helg

Ingen kommentarer: