søndag, juni 14, 2009

Frisk luft..

Beklagar innlegget under, det var ho sure som førte pennenen..
Eg tok ho ut å lufta ho litt å no har vi det betre;P

Har fått gått meg ein times tur, sett på fine hus og vakre hagar! Det gjor ingenting at det regna for det var bere litt duskregn som er digg i eit varmt ansikt:)

I Volda finn ein mange flotte hus og enda flottare hagar! Eg gledar meg til den dagen då eg kan invitere til hagefest i mitt nye hus:) Når det vert? Tja?! På sikt;P

Elles kan eg melde at Volda har teke sommarferie, studentane har reist og det er bere oss fastgrodde som set attende.. Veldig stilt rundt omkring..
Håpar at vi som er igjen kan vere flinke å sosialisere oss, anten med kafebesøk, ei kald ei eller ein gåtur rundt omkring.
Eg stiller på alt som er gøy:)

Ingen kommentarer: