mandag, mars 23, 2009

Utfordring..

Okai da.. Sidan eg har fått denne utfordringa for 2. gang så skal eg fullføre den;)


Har fått denne både med Inga og med Pida eller Anne;p


Gå til Foto\mapper
*Ta ut den 6 mappen, og deretter det 6 bilde i denne mappen
*Sett bilde på bloggen og skriv noe om dette bildet
*Inviter 6 nye til å bli med på denne utfordringen
*link til dem, og la dem vite at de er utfordret!
Mitt bilde;

Biletet er frå Aha konserten på Color Line stadion i 2006.
Var bursdagen min og vi var ein heil gjeng som for på konsert.
Låg i hytte på Voldsdalsberga, uten do og innlagt vatn..Haha..
Var nydelig sol, vi åt på peppes som var eit kapittel for seg sjølv, då dei hadde bere ein ovn på den travlaste dagen det året!
Etterpå var det vors på terassen og konsert! Flott konsert med Ane Brun, Minor Majority og Aha... Ane Brun var kjeisamt, Minor og Aha var knall!
Etter konserten var det tilbake på "hytta" for å drikke meir og stikke inn til byen..
Ein mann med gitar frå nabohytta sang bursdagssang for meg;p
Var ein fin bursdag! Mykje har endra seg sidan dei dagane, og avatil så ønskjer eg meg tilbake til då Hege, Helene, Henning og resten av alle dei fantastiske vennane mine budde i bygda! Saknar alle sammen!
Eg vel å ikkje utfordre nokon, då alle eg kjenner har allereie fått den;p
Vart reine mimrestunda dette her, mange som har reist som eg absolutt skulle hatt her!
Skulle ha samla alle dei beste folka å hatt vår eigen Kæmp Volda!
Då hadde det vorte liv i bygda :)

Ingen kommentarer: