torsdag, mars 05, 2009

Tekniske problem

Etter å ha vore rasande flink ei lita stund har eg no fått beskjed om å ta det med ro i ca ei veke..
Eg er full av energi og pågangsmot, men har desverre overbelasta min utrente kropp og fått ein søt litan betennelse i eine foten, eller beinhinna som dei kallar det på fint.
Den kom plutselig ut av det blå, som eit resultat av for mykje tredemølle og feil sko. Å eg som har på ein merkeleg måte vorte glad i den tredemølla( veit det er rart at dette skal kome frå meg.. hehe)

Så no skal eg prøve å sykle meir og gå mindre.. Bra viss du kan sykle til jobben sa legen eg var med, då måtte eg nesten le.. Ser meg sykle frå postkassa til heisa i parkeringskjellern.. haha
Eg fekk meg ein liten kur med voltaren med doktormannen som eg skal prøve meg på, so får vi sjå korleis dette utviklar seg. Eg er vertfall ei erfaring rikare, det må nok meir variasjon til for at eg ikkje skal gå på ein større smell. For dette prosjektet skal eg gjennomføre, så får det bere ta litt lenger tid. Og sidan tolmod ikkje er det eg har mest på så skal dette verte ei spanande tid..

Elles så har våren komen til Volda, vertfall for ein dag eller to:)
Digg med sol! Eg gledar meg til sommaren:)
Håpar at alle får ei god helg og at dykk får kome dokke ut å nyte sola, snøen eller bere frisk luft!
Eg og ei til skal passe Åge og Sambandet imorgon, noko som vert svært spanande!
Laurdag er det hyttetur med høg partyfaktor og søndag er det kvinnedag og jobbing i Aasentunet.

3 kommentarer:

Anne sa...

hahahahaha, eg ler meg ihjel! såg for meg sykkelturen:D

deleted sa...

du kan trene styrketrening med vekter og sånn. Sit-ups, og nokon øvingar for armane;)

tonelill sa...

Jeg blir sikkert med på stakkarslig trening i fremtiden.. Vi kan trene stakkarslig sammen!