tirsdag, mars 03, 2009

Prosjekt stjernesanking.

Ei ny veke med nye mogleikar har starta.
Eg har trena 2 av 2 dagar denne veka, målet er å trene 5 dagar, helst 6 slik at eg kan fare på hyttetur med god samvittighet og kose meg med god mat, god drikke og festlige folk!

Skulle egentlig skrive dette blogginnlegget igår, men vart i staden sittande å lese ein blogg i 4 timar.. Den handla om kampen mot kreft både frå pårørande og frå pasient perspektiv.. Eg var heilt bergteken av måten dei skreiv på, og håpte heile vegen at han skulle verte frisk, sjølv om eg viste historia desverre hadde ein trist slutt.. Sjølv om det er grusomt å lese om folk så har det så vondt så minner det meg på at eg er vanvittig heldig og at mine problem er bagatellar i forhold til kva andre opplever. Eg er svært takksam for dei eg har rundt meg. Tusen takk til kjærasten min, familia og vennane mine for at dykk er her! <3

Men over til det som opptek meg i stor grad no for tida.. Korleis samle mest mogleg stjerner slik at eg kan vølve meg i vesker og solbriller fra internet og veskebutikken min i heile vår. Eg har som intensjon å samle masse masse stjerner:)
Kva får eg stjerne for? Det er så mangt..Fann ut at eg må premiere meg for det eg ikkje tenker godt nok over i kvardagen, ikkje bere trening.

Så då får eg stjerner for:

- Trening: 3 dagar = 1 stjerne 5 dagar= 2 stjerne
- Fisk: Ei stjerne for kvar fiskemiddag eller ete fisk i ein anna variant.
- Minst to liter vatn pr dag i løpet av ei veke= 1 stjerne.
- Ete 5 måltid for dag / ete regelmessig = 1 stjerne ( dette vert faktisk den største utfordringa!)
- Ete 5 om dagen = 1 stjerne. Smoothie er mitt våpen for å få dette til! Saman med litt musli så vert dette eit fantastisk måltid! Yammi!!
- Ein dag utan godteri = 1 stjerne. Eg elskar alt det søte og salte og generelt alt som er dårlig for kroppen. Målet er at eg skal begrense snoperier til 1.dag i veka. Forige veke gjekk dette overaskande bra. Vi prøvar derfor også denne veka! ( Dei deiiiilige kakene på Rokken er min største fiende..)
- Drikke biola, ta tran og vitaminar 7 dagar i veka: 1 stjerne
- Gjere øvelsane eg har fått med fysioterapauten kvar dag = 1 stjerne


Trur eg har sett meg ok mål, ingenting er for vanskelig, og dei som er veldig lette må eg jobbe ekstra for å få stjerne for. Sjølvsagt må dette tilpassas kvar person, ikkje alle treng same måla..
Så då kan stjernesankinga starte! Kor mange stjerner eg må ha for å få min første premie har eg ikkje rekna ut enda, men når eg kan samla 32 stjerner iløpet av ei veke viss eg er flink så tenker eg at eg må ha samla vertfall 20 stjerner før eg får premie, og så får vi sjå til april om eg har nok poeng til den fantastiske veska eg har lyst på!

3 kommentarer:

Anne sa...

fantastisk! fikk stjerner av anne helene i dag, så eg og må laga en plan!:)

Sigrun Kristine Nordahl sa...

You go GIRL ;-)

Camilla sa...

Plan må lagas vettu Anne:)
Alt vert enklare med stjerner;)

Takktakk Sigrun:)