onsdag, august 27, 2008

28 år og snart voksen?

Idag har eg hatt bursdag:) Ein perfekt ein faktisk:)
Har sove lenge og sløva litt før vi åt middag på Rokken med gode venna:)
Utrulig gøy å møtast, er ikkje så altfor ofte ein får samla ein god gjeng! Eit par stykker mangla, men håpar å få treffe dei om ikkje så alt for lenge:)

Etter middagen sat vi eit par timar å spelte kort(bombe..hehe) før eg samla ein jentegjeng heime hjå meg for å sjå greys og ete gotteri! Skikkelig jentekveld:)

No har klokka passert tolv og bursdagen er over, eg har fått sett på ei maskin med kle og skal nerde litt framfor dataen før eg finn senga.
Geir har nattevakt denne veka, å senga er så altfor stor for bere meg, så set alt for lenge før eg legg meg..

Mitt 28år håpar eg vert like bra som dei forige, om ikkje endå betre. Eg håpar at eg kan vere snill og grei, ha gode vennar og ein super familie. Utan vennane og familia mi so hadde eg nok ikkje vore den eg er. Evig takknemlig for all støtte og for at dykk er der!
Kjempe gla i alle saman:)

Takk for alle gratulasjonar som har kome på telefon og fjesbok:)

Ingen kommentarer: