onsdag, januar 06, 2010

Å gi seg medan leiken er god..

Kvifor lærer eg aldri?!
Kvifor kunne ikkje eg for ein gong skuld la nysgjerrigheita mi ligge?
Eg må bere, skal bere, vil bere.. Bere så synd eg ikkje kan gi meg medan leiken er god..

Hadde eg gjort som eg først planla så hadde eg ikkje sete i dette uføret eg er no, ei mildt sagt hengemyr, som eg ikkje kjem meg uttav.. Er ei blanding av fortvila og forbanna.. Eg kunne liksom ikkje gi meg når eg hadde 2 av 4emne?! Vart reve med av nysgjerrigheit og tanken på at å ha alle 4 emna og kunne skrive ein master var ein god plan.. Dette er den dummaste tanken eg har hatt sidan eg strauk handa mi som 2åring..

Why! Oh WHY stoppa eg ikkje når eg skulle?
Dumme dumme meg som måtte bere ta resten av faga når eg først var igang..

Det positive er at eg fekk ta det prossesleiingsfaget, men kvifor i h...... måtte eg ta det 301 faget?! Eg har aldri i mine 29år følt meg så dum som eg gjer pga det dumme dumme faget der..Spyfase!

So no sit eg her 29år, 232 dagar til eg vert 30 og lurer på kva eg skal gjere når eg vert vaksen!! For å sei det som dei sei i USA, FML....

Frustrasjonen ligg tjukt utta på kroppen, eg er på grensa til hysterisk!!
Då var det godt å ha søte Annene mine som gav meg ein knall kveld med masse kos og fjas..

Ingen kommentarer: