fredag, september 18, 2009

Takk!

Takk for at eg har ei flott familie, ein flott kjærast og flotte vener!
Takk for at eg får oppleve det eg har opplevd, alt eg har gjort både på godt og vondt!

Når dagane er litt muggne og eg vert litt lei av den same gamle Voldabobla, så er det ikkje alltid like enkelt å huske at eg har det så bra som eg har det. Ein vert ofte litt låst i negativ tankegang, og der ein gjerne dreg kvarandre ned i den gjørma med tungsinn..
Eg prøvar derfor å omgi meg bere med menneske som gir meg noko, og som er positive.. Kall meg gjerne egoistisk, men dette er min måte å takle dei grå dagane på. Eg kan ikkje gå å tenke på alt som kan gjere meg muggen, så gale har eg det faktisk ikkje!

Derfor prøvar eg å tenke på alt som er bra, som at eg bur i eit av verdas beste land og har masse bra folk rundt meg! Dette er inga sjølvfølgje, eg veit at det er mange som har det mykje verre enn meg.. Derfor er det ikkje rett av meg å sutre over tulleting.. Då er det betre å gjere noko med det! Trur vi alle hadde hatt det betre om vi ordna dei småtinga som låg og ulma, kanskje vi då hadde stoppa dei før dei forsura omgjevnadane til alle rundt oss?

Eg håpar at eg ein gong kan få oppleve den gleda det er ved å verte foreldre! Sjølv tanken på at ein skal ta vare på nokon som er heilt avhengig av deg er skummel, så må det vere fantastisk å ha desse små gulla rundt seg! (trur forresten at mine born kjem til å vekse opp og tru at dei heite gullis;p)
Eg storkosar meg når eg får vere "tulletante" og kose med desse små som har verda framfor seg! Vi må vere flinke å gi desse ein god start og eit godt grunnlag slik at dei kan erobre verda! Håpar at eg kan få følge desse små som eg "tulletante" til, og kan få ta del i deira liv, for dei gir meg vanvittig mykje! Tenk kva eg hadde gått glipp av om eg ikkje hadde møtt desse fantastiske små?!

Mitt vesle håp er at vi istaden for å gå å gnåle og sture skal ta tak i vår eigen kvardag og gjere den til det beste for oss sjølv og andre! På den måten trur eg vi har det betre, og ikkje minst har meir å gi til andre!

Som nokon sa; If all you have is a lemon, make lemonade!!

Kanskje eit rotete innlegg.. Men det var det eg følte for å få ut akkurat no;P

4 kommentarer:

ella sa...

thumbs up!

gjer d beste utav situasjonen og smiiiil!;) og om d helde på å renne over, ta dej en liten luftetur:p

Camilla sa...

veeeldig enig med du!!

Sigrun Kristine Nordahl sa...

Du e gode du Camilla!! Å ei ekte flotte "tulletante " som SKAL være kry av seg sjøl!! Du e super god mot alle rundt å vi sette stor stor pris på å ha dej i liva våe...både store og små :-) daga som butta mot so slå på tråden da vel... ej stille som psykolog any time veit du... å mine søte små e vellllldig glade i ne Milla...

God helg shnuppa å vær stolt over det fine menneske du e <3
Stor helgeklem frå mej :-)

Camilla sa...

ÅÅåå:) Takk Søtaste Sigrun:) Det varma å få høyre slikt:) Du e so gode sjøl atte:)
Du he to fantastiske søte små å ej e veldig gla i dokke også alle sammen for tenk:)
God helg til du også! Håpe dokke for ei helg me masse kos!
Kjeme lurande ut en dag te veka me saksa;)
Store klemma vert sendt tilbake:)<3