fredag, april 11, 2008

Helg å sånn

Der va det jaggu helg igjen!

Sola skine og det e vår i lufta.. Det er rett å slett digg å vere ute:)
Her i Volda er vi velsigna med høge fjell på alle kantar som visar seg frå si beste snødekte side no om dagane. Det er heilt nydeleg kor dei badar i sola, nærmast glitrar omkapp..
Det er slike dagar ein er glad for at ein bur på vakre sunnmøre.

Ellers er livet travelt for tida, med jobbing og møter. Men når eg kjenner etter så likar eg det i grunnen. Kosar meg med å kunne stresse litt.. Har vore flink å kome meg i seng tidlig siste dagane, så då kan ein vere litt ekstra aktiv på dagtid. Einaste som manglar no, er rom for å skrive oppgåve, og å verte flinkare å gå tur. Men det eine følgjer nok det andre, når innleveringsdatoen nærmar seg så gjer eg nok alt anna enn å skrive oppgåve kjenner eg meg rett. Så då er eg nok ute og går i vårsola;)

Har ellers funne ut kva eg skal skrive master om, eit år før tida.. Eg skal skrive om rektorrolla i den norske skulen, tittelen vert noko som liknar på " Rektor, pedagog eller administrator" Trur det kan vere eit spennande tema der eg ikkje har problem med å finne stoff.. Nesten sånn eg gler meg til å starte. Minn meg på kva eg skrev i vår når eg set og slit neste år. hehe..

Denne veka var eg også dommar på Volda ungdomsskule sin Grand Prix. Noko av det vanskligaste eg har gjort på lenge. Sitte og skulle gi poeng til so mange flinke elevar. Men vi kom i mål og kåra for første gang i historia 2 klasser som vinnarar. Det var veldig jamnt. Alle var superflinke.
Det eit fantastisk arbeid dei legg ned på ungdomsskulen, både elevar og lærar. Sjølv om dette kanskje ikkje står i noko læreplan, så er dette absolutt relevant. Her får dei vere praktiske og skapande, og ikkje minst samhandlande. Ein lærer mykje om kvarandre ved å måtte jobbe på denne måten. Håper dei fortsett med dette, og at andre skular ser verdien av å ha slike arrangement.

Håper alle får ei super helg:)

Ingen kommentarer: