søndag, april 20, 2008

Frk Heldig:)

Sola skin i volda og livet er topp.
Har for mykje å gjere og for lita tid å gjere det på, men sånn er våren når ein er engasjert student.
Iløpet av helga fekk eg ein fantastisk forespørsel, kjære søte Anette som hadde bursdag lurte på om ikkje eg hadde lyst på seigmen konsert i operaen 21 juni! Jaggu!! Kan ein sei noko anna enn ja?!! Eg skal verkeleg få gått på konsertar denne sommaren!
Det startar med Motorpsycko no komande fredag på Rockefeller, 31.mai er det Kiss 31. mai i Oslo, etter det vender eg nasa mot Bergen 11.juni på Foo Fighters, så er det Seigmen i operaen, Bruce Springsteen og Iron Maiden i Juli.. Jaggu! Skal få kose meg maks:)

Så no må eg bere vere frk flittig og få levert sjølvmelding i tide, jobba med veka og rokken og mest av alt få skreve ferdig oppgåve til 1.Mai. Å so er det dok.film og masse anna moro:)

Ingen kommentarer: