søndag, november 19, 2006

Lykke...

Ein av dei tinga som gjer at eg har vore i volda i altfor mange år, er rett og slett konserttilbudet som er her.. Tenk at eg iløpet av ei veke får oppleve 2 av mine favorittartistar her i vesle volda! Det er lykke det!

Ralphene sin konsert var som vanlig engergisk og fantastisk!
Det var min 4 Ralph konsert, og den 3 her i Volda.. Ein kan ikkje unngå å like desse karane her.. Fantastiske folk, både inni og utapå! Eg fekk trommestikke av Thomas og cden min vart signert. Lykke!

Fredag, etter å ha levert oppgåva 1time og 10 min før fristen, så var det Jim Stärk konsert.. Både Ralphene og Jim minner meg om gamledager.. Eg vert varm i sjela når eg høyrer musikken deira.. Så musikken er faktisk med på å samle gamle minne og nye minne.. Det som var og det som er! Igjen, Lykke!
Konserten var alt eg ønska meg, bortsett fra folk som må snakke på konsert..Hold kjeft eller gå på france!
Einaste sangen eg sakna frå sist eg var på konsert var sweet, men det var godt å være på konsert med dei igjen. Eg fekk kjøpt meg cd, som bandet sigerte, so no har eg den komplette Jim Stärk samlinga!

2 kommentarer:

. sa...

God jul, Camilla!! :)
Juleklem :9

deleted sa...

NÅ er det vel på tide med ein oppdatering, eller kva??