søndag, januar 08, 2006

Slutt eller start?



Stille og rolig, med enkelte unntak, har jul og nyttår passert. Høgtida vart feira heime hjå familien. Det var godt..
2005 forsvann i ein fei, såg på nokre papir som eg følte eg nettopp hadde fått.. Dei var datert i oktober..

Denne januar er starten på 2006, samtidig som det er slutten på mi karriere i styret i Studentsamfunnet i Volda. Det kjem til å verte merkeleg å ikkje lenger skulle vere så aktiv lenger. Eg held vist på å verte vaksen.. Likar det ikkje, å vere voksen er kjedeleg..
Dei 3 siste åra har gått i ein fei.. Eg angrar ikkje eit sekund på at eg for ca 3 år sidan ringte til Jonas å hørte om at dei trengte jobbegjeng.. Men som den evighetsstudenten eg er, så er det på tide å gi frå seg nøkkelen.. Dei som kjem etter oss no går ei spennande tid i møte. Lykke til alle saman.. Eg kjem nok til å gå igjen i lokala inn i evigheten..

Slutten på noko, betyr starten på noko anna, men starten på kva?!

1 kommentar:

Ingaplinga sa...

trur det e starten e... ;)
sjøl om d også e en liten slutt også, eller iallefall en overgang!