lørdag, februar 28, 2009

Prosjekt svettis og friskus!

Tenkte eg skulle blogge om mitt nye prosjekt, bruke bloggen som ei treningsdagbok rett å slett.. Grunnen til at eg vil offentliggjere prosjektet er rett og slett at du skal kunne spør meg korleis det går med treninga, så skal eg sei at eg prøva mitt beste, å du skal kunne skryte av meg;)
Å forhåpentligvis kan det gi meg dytten til å kome mej på trening og dårlig samvittighet viss eg droppa det..

Grunnen til trening er no så mangt, felles for oss alle er vell for å få ein sunnare kropp som fungerar betre. Eg fekk i januar beskjed om at eg hadde astma, og at viss eg trena regelmessig kan eg sleppe å bruke mykje medisin. Eg må også slutte å røyke, så det er to store prosjekt denne våren. Kanskje like greitt at eg kan få noko anna å tenke på enn dei tankane som har herja dei siste vekene.

Målet mitt er ikkje bikinisesongen, då måtte eg nok hatt litt Nip/Tuck først;P Men med ein BMI på størrelse med ein liten elefant er dette ein grunn til å kaste seg på treningsbølga, diabetes2 er noko eg ikkje vil ha.. Elles har eg merka at denne treninga gjer meg lettare til sinns, som eg svettar ut litt bekymringar der eg traskar.. For svettar, det er noko eg gjer, her er det dårligkondis.com;p

I mange år har unnskyldningane vore mange for å sete på rumpa og gjere denne større, men no hadde eg brukt opp alle. Eg har gardert meg med medlemsskap på tren og gode venniner til å trene saman med. Barrierane eg har brote dei siste vekene har vore mange, men jaggu har vi vore flinke. Vi skal no lage oss kalendarar der vi skal få stjerner for trening og mindre gotteri.. Har lovt meg sjølv at viss eg har vore flink fram til påske så skal eg belønne meg med den flott veska dei har fått på veskebutikken.. Den sto så fint og ropte på meg når eg var innom på fredag, nestan kjærleik ved første blikk;)

Så i vekene framover skal eg prøve å blogge om min fysiske aktivitet og dei følgene det får. Denne veka var eg på trening 5 dagar, noko som er personlig rekord! Me like:)
Så då får vi sjå korleis dette utviklar seg!

Elles når det gjeld det innlegget mitt under så går saka sin gang, men eg har nok innsett at eg må ta sur lærdom for noko som lett kunna ha vore unngått. Men eg prøvar å fokusere på det positive i kvardagen, og takkar dei som er rundt meg for fantastisk støtte. Dykk er akkurat det ein treng når livet går litt i mot..
Veldig gla i dokke alle saman<3

tirsdag, februar 17, 2009

Kvinne på randen...

Eg kjenner at eg er i ferd med å gi opp.. At den sida i meg som bere vil gi f.. får stadig større rom.. Eg likar ikkje den delen av meg..

Eg vil vere den som kjempar for det eg trur på, ser det positive i alt, og alltid har tru på at ein kan få til det ein prøvar på..
Men no er det altså den andre sida, den som er pesimist, den som svartmalar og som fortel meg at eg tek feil som regjerer..

Viss eg bere kunne ha forklart det til dei, fått dei til å skjønne kva eg meinte..
Men kva skal ein seie når ein eigentleg er tom for ord?!

søndag, februar 15, 2009

Brukt på nytt


Det har vore ei moro, men hektisk helg i Voldabygda..
Fredagen feira vi verdens beste Anne Helene med supriseparty eit halvt år etter ho fyllte år!
Det er utruleg moro å glede nokon som vert så gla for det:)
Vi kosa oss med tapas og vin før vi tok turen på Rokken på Gisle Børge trio..
Det var ein nydelig konsert som var balsam for mi sletne sjel..
Etter all turbulensen som er i kvardagen min så var det godt å sette seg ned for å bere ta imot god musikk.
Takk til Gisle Børge, Helge og Per willy for ein fantastisk konsert!
Dykk er hjartleg velkommen tilbake:)















Laurdag starta vi dagen med å kose oss på kafe med Arve, Hanne, Bjarte og Iver.
Arve var på tur til Volda denne helga, var moro å sjå han igjen etter så lenge!
Iver var i toppform og sjarmerte både meg og alle andre på Rokken i senk.
På kvelden starta vi med ein nydelig middag heime hjå Anders og Kate. Vi feira at Kate fyllte år,
og Anders diska opp med Kalkun, eller kra kra som Iver kalla det:)
Det var ei koselig stund, med god mat, god drikke og godt selskap!
Neste gang du kjem må du ta med heile familien Arve! Håper Randi og snuppene kosa seg i Bergen!
Vi avslutta kvelden med ein tur på Rokken.. Rokken på ein laurdag er ein merkeleg stad, og ein
bør egentlig vere sveiseblind for å vere der..

Søndag tok eg, Anne Helene, Ida og Anne turen til Aasentunet der han Ivar skulle lære oss om
Brukt på Nytt.. Heldigvis hadde han leigd inn Kathrine Gregersen for den praktiske biten.
Ho er ei fantastisk dame med utruleg evne til å formidle. Når foredraget var over hadde vi alle 4
funne oss heklepinne og sengetøyrestar for å hekle filleryer. Vi fekk også lære oss å lage vekser,
eller handlenett som dei kallar det.. For meg som har eit stort handikap når det kjem til
handarbeid var det stort å kome heim med veske og påbegynt teppe. Og etter vi hadde kosa oss
med velfortjent pizza fann eg fram teppe mitt og fekk hekla det ferdig.

Om det ikkje er perfekt så ligg det masse sjel i det:)







torsdag, februar 05, 2009

Engasjement i natten..

Er trøtt som ein dupp og burde ha lagt meg, men må få ut litt damp før eg finn senga.. Vert liggande å løyse verdsproblem vist ikkje..

Engasjement er ein rar sak.

Eg driv no å jobbar for å få eit styre til VEKA2009, å det er jaggu ikkje enkelt..
Anten skal dei i praksis no eller så skal dei i praksis i hausten, lysta er der med mange men dei veit ikkje om dei er her til hausten..
Å alle dei andre? Dei som set bakerst utan å sei noke? Dei latar som det ikkje anngår dei, at det må vere opp til nokon andre å skape noko.
" Det ordna seg sikkert, sikkert nokon andre som gjer det.. Det handlar ikkje om meg.."

Men det handlar nettopp om deg, meg og alle andre. Viss ingen gidd å skape noko, engasjere seg og gjere noko for andre, kvar endar vi då?
Setande i kvar si stove å glo inn i anten tv eller data og klage over at alt er keisamt og at det ikkje skjer noko..

Ei venninde av meg sa det så fint; " Hadde dei visst kva dei gikk glipp av!"
Alle minna, vennane og erfaringane ein går glipp av bere ved å sitte heime å vente på at nokon skal gjere jobben for deg..

Eg er gla for at eg er så fordømt nysgjerrig at eg bere må prøve meg nye ting.
Eg har eit behov for å lære, gjere og vere aktiv. Eg vil forme min kvardag og mi studietid.
Eg vil ikkje sjå tilbake på kva eg kunne ha gjort, angre for det som aldri vart.
Så får det heller ver då at eg har trakka på nokon tær, og gjort nokon tabbar.
Men ein ting kan du ikkje ta meg på, og det er at eg ikkje prøvde.

Det er din kvardag, di studietid og di framtid...

mandag, februar 02, 2009

Å være sterk


Å være sterk er ikke

å løpe raskt

å hoppe lengst eller

å løfte tyngst


Å være sterk er ikke

alltid å vinne

alltid å ha rett eller

alltid å være best


Å være sterk er å

se lyset når det er mørkt

slåss for noe man tror på

selv om man ikke har flere

krefter igjen

og se sannheten i øynene selv om den er hard








(Fint dikt som eg fann på internettet, usikker på forfatter.)

søndag, februar 01, 2009

Som lova!


Her kjem ei stor stjerne til alle dei flotte folka som jobba på Rokken idag. ( Den går også til alle dei flotte folka som legg igjen ein fantastisk innsats på Studenthuset slik at andre kan gå ut å r
ølpe!) Utan dykk hadde vi ikkje hatt noko studenthus!


lørdag, januar 31, 2009

Copycat

Den siste personen som...
1. Sov ved siden av deg i sengen: Geir
2. Så deg gråte: Geir
3. Du spiste middag med: Anne Helene, Laila, Maria og Silje
4.Du pratet med på telefonen: Kjetil
5. Overrasket deg: Hmm.. usikker..
6. Fikk deg til å le: Lo omtrent heile fredagen, så sikkert nokon av dei som var der:)


Ville du helst...
1. Hatt piercing eller tatovering: En diskre liten tatoo..
2. Være seriøs eller morsom: morsom
3. Drikke hel eller lettmelk: Lett
4. Dø i en brann eller drukne: Seier som Anne og svarer ingen av dela.. Usj for et spørsmål..
5. Tilbringe tid med foreldrene dine eller fiendene: Seff foreldra.. Nydelige foreldra mine:)


Er du...
1. Simpel eller komplisert: Komplisert.. Har for mange reglar;p
2. Hardcore or soft: Eg er soft, sjølv om eg ofte vil vere harcore så grin eg for alt..

Liker du best...
1. Blomster eller godteri: Enig med Anne igjen.. Burde sei blomster, men GOOOTTERI:)
2. Grå eller svart: Svart
3. Farger eller svart/hvitt bilder: kjem ann på motivet..
4. Lyst eller kjærlighet: Ja takk begge deler!
5. Soloppgang eller solnedgang: Soloppgang;)
6. M&Ms eller Skittles: M&Ms
7. Være lenge oppe eller våkne tidlig: Være lenge oppe:)
8. Sola eller månen: Sola
9. Vinter eller høst: Vinter= Jul:)
10. Ti bekjente eller ha to bestevenner: To bestevenner
11. Sol eller regn: Sola:)
12. Vaniljeis eller sjokoladeis: Sjokoladeis

I den siste måneden, har du...
1. Hatt en kjæreste?: Har ein kjærast:)
2. Kjøpt noe du ikke har trengt: sikkert..
3. Synget foran mennesker: Haha.. eventuelt kun fyllesynging en onsdag på Rokken..
4. Blitt klemmet: Ja
5. Følt deg dum: Jeps.. Kvar dag..
6. Blitt full: Ja
7. Vært høy: Nope.. Skumle greier den der tulletobakken.. Held meg til alkohol gitt;)
8. Danced crazy: Danser alltid crazy
9. Klippet håret: Hmm.. ikkje så veldig lenge sida.. desember kanskje?

Første:
1. Bestevenn: Anny Loraine og Vendel
2. Jobb: Barnepike
3. Lange reise: Til Gran Canaria når eg var 6.
4. CD jeg betalte for: Hmm.. Take That eller noke sånt?

Siste:
1. Jeg spiste: Brødskive med egg, kaviar og agurk.. nammis:)
2. Drakk: Vann
3. Reklame jeg så: Ei teit ei..
4. Person jeg gav en klem: Anne Helene
5. Personen jeg snakket til: Geir
6. Irriterende ting: Kar skal eg starte..

Beskriv:
1. Lommeboka di: Svart liten sak.
2. Håret ditt: Blond
3. Mobiltelefonen din: Råååsa nokia:)
4. Huset ditt: Leiligheten er digg, ligg midt i Volda, nær ALT:)
5. Ryggsekken din: En liten sak eg fekk med Åsentunet
.6. Skolene mine: Haugsbygda, Gursken, Herøy, Romsdal, Ulstein, Høgskulen i Volda
7. Din framtidige bil: En som Geir kjøper..

Favoritt(er):
1. Dessert: Sjokoladekaka til Milan
2. Mat: Hjemmelaga pizza, pinnekjøtt, Tapas.. Eg er glad i maaat..
3. Godteri: Sjokolade.
4. Nummer: 7
5. Dag: Lørdag
6. Parfyme: Versace, Medusa
7. Farge: Himmelblå
8. Sport: Fotball
9. Sang: Umulig å velge..
10. TV-program: Gossip Girl, OTH, The Hills og The City.
11. Vær: Sol og sommer
12. Film: En heil haug!
13. Skuespiller: Heath Ledger er en av favorittane vertfall..
14. Bokstav: C..
15. Sko: Alt ettersom
16. Grønnsak: Gulrot, Blomkål
17. Frukt: Blåbær, Bringebær og jordbær!
18. Tyggegummi: Extra sølv eller lakris, amerikansk melontyggis.
19. Sjokolade: Alt så lenge det ikkje er appelsinsmak elle anna humbug..
20. Årstid: Sommer!
21. Ferie: Sommern det også..
22. Band: Mange mange.. deriblant Jim Stärk, Ralph Myers, Datarock...
23. Artist: Thom Hell, Robbie, Maria Mena ++++
24. Musikk: Er gla i det meste bortsett fra dansebænd, country og musikk som får ørene mine til å blø..
25. Sted å være: Barcelona, eller København.. Lyst til New York..
26. TV-kanal: Mange mange..
27. Butikk: Hmm.. Friis&Company?

Enten eller:
1. Ski eller snowboard: Ski
2. Svart eller hvit: Svart
3. Slipknot eller Metallica: Metallica
4. Telefon eller mobiltelefon: Mobil!
5. Penn eller blyant: Penn!
6. Star Wars eller Star Trek: Enig med Anne.. Ingen av dela..
7. Metall eller punk: Tja.. kjem heilt på kva band..

Det første du tenker når du hører...
1. Hund: Hallo:)
2. Oransje: Dårlig bleiking..
3. Is-te: godis!
4. Regnbue:Lika!
5. Agurk: nammis
6. Hai: La oss unngå å bade i sjøen..
7. Bursdag: Kose meg med venner og familie:) Lika bursdag:)

Tilfeldige spørsmål:
1. Hvor gammel ser det ut som du er: Hmm.. Gammal og grå..
2. Kan du reparere en bil: Nope..
3. Har du drept noen i en drøm: Sikkert..
4. Er du vegetarianer: Nei, har aldri tenkt tanken en gang..!
5. Skriver du dikt: Leeenge siden det.. å dei var dååårlige;p
6. Er du snill: Håper da det..
7. Er du høy: Sånn passe
8. Er du slem: Kan vere..

søndag, januar 25, 2009

Jenter er sin eigen verste fiende..

Vi jenter er ein merkeleg rase, vi kan liksom ikkje vere venner heile tida.. Alltid må livet vårt sjå ut som ein såpeopera, alle kan ikkje ha det bra samtidig.. Skal tru kvifor det er slik? Vi har uskrevne reglar som gjeld for både det eine og det andre. Stakars menn og foreldre som skal prøve å følge med på kva som er rett, det som er rett forandrar seg ofte! Det som er rett ein dag kan vere feil den neste. Vi er ekspertar på å trykke kvarandre ned i driten, lage drama nok til å fylle eit år med Hotell Cæsar. Når vert vi ferdig med dette?! Er dette noko vi veks av oss?
Eg er sterkt tvilande..

Alt frå vi er små så lagar vi intringer. Stenger folk ute, mobbar, plagar kva for klede og sko du brukar. Hadde jenter fått litt strengare oppdraging hadde talet på mobbarar gått drastisk ned. Vi er små terroristar som trampar på dei vi kan for å vere kulast, tøffast eller finast.
Du må enten vere den kule eller melde deg ut av gjengen å vere utskudd.
Det verste for ei jente er å verte aleine. Talet på vener er på ein måte ein indikator på kor populær ein er.. Om mange vener betyr det alltid er gode vener er ein heilt annan sak.
Ein vis person sa, heller få nære vener enn ein haug med bekjente.. Eg likar å tru at eg har ein god kombinasjon av dette.

Å alle desse jentetankane dreg vi med oss når vi veks opp. Eg er utan tvil ein person som er avhengig av mange gode vener rundt meg, gode vener som eg kan skape gode minner saman med!
Eg prøvar å fylle livet mitt med positive folk som kan riste litt liv i pesimistiske meg.
Eg prøvar å unngå å omgås folk som dyrkar det negative, mest fordi at eg er redd for at eg skal verte slik sjølv. Ein som ser alt som eit problem og aldri sjå forbi si eiga nase.
Eg kjenner at eg er litt ferdig med sånt drama, kall ein spade for ein spade og ha nok "ballar mellom beina" til å sei ting slik det er framfor å skape intriger og konspirasjonsteoriar.

Min største forbannelse på jord er nok angsten min. Den kjem snikande som ein ond person som fortel meg at eg er viggo vennelaus og kjem til å ende opp aleine og råtne vekk utan at nokon merkar det.
Sjølvsagt veit eg at dette er feil(håpar vertfall det;p), men likevel så er det enkelte svake øyeblikk at eg nesten trur det, at eg skal ende opp utan vener rundt meg.. Skrullete? Jeps..

Eg prøvar å fortelje meg sjølv kvar dag kor heldige eg er som har masse flotte folk rundt meg. Gode vener og ei fantastisk familie, og kor heldig eg er som leve i denne delen av verda.
Kva er vell mine små problem kontra krig og katastrofar?

Vil anbefale alle å lese denne bloggen her.. Denne fekk meg til å tenke litt og sjå kva som eigentleg betyr noko..
Bloggen tilhører Regine. Ei 17 år gammel jente som har fått diagnosen MDS/AML. Ho beskriv korleis det er å leve med/verte behandla for det.

Grip dagen folkens og nyt kvar augneblink<3

søndag, januar 18, 2009

2009 med eit brak..

Dette har vore ei veldig merkeleg veke.. Den starta fantastisk med jentekveld og bere kos, så var vi på kviss og var flinke:)

Men så vart det Torsdag og verda fall litt i grus.. Eg har sjeldent vore so langt nede som eg var då..
Fekk tørka tårene og samla meg for eit par timar, men haude var på ein heilt annan plass..
Fredagen gjekk med i å bearbeide torsdagen, eg måtte ta på meg maska og jobbe for mitt gode navn og rykte... Kva saka går ut på vil eg ikkje kringkaste for verda, men dette ligg godt oppe på lista over dei verste tinga eg har gjennomgått..
Eg har no samla all positiv tankegang for å ha trua på at dette ordna seg. Så viss eg dei komande vekene virkar litt langt borte og distre, så er det nettopp det eg er.. Dei komande vekene kjem eg nok å vere veldig sjølvsentrert så beklagar om eg er ein dårlig venn og dårlig arbeidsperson..

Men heldigvis oppi all elendigheita, og at eg sjeldant har syns so synd i meg sjølv som eg gjor torsdag, så er eg heldig og har fantastiske vener og ein super kjærast!
Eg har folk rundt meg som plukkar meg opp og sei dei rette tinga. Eg er utfattelig gla i alle sammen! Uten dykk hadde eg nok gitt opp.. Eg syns synd på dei som ikkje har nokon rundt seg når verda fell i grus..

Helga som no nærmar seg mandag har vore akkurat den medisinen eg trengte! For ei helg..
For å oppsummere: ØL, Konsert, Fjas, Platina, 600 g, Latter, Rokken,røyk, gin, Holmen, Anne, Ida, slippers, støvler, Capteinen, Bobler, en haug med bra folk, ein utrulig bra fest, eit fantastisk nach, Søndag på treet..
Kanskje ikkje den beste oppladinga til lungesjekken eg skal på imorgon, men det var den beste medisinen mot beskjeden eg fekk torsdag;)
<3

torsdag, januar 15, 2009

Ord sett i eit system eg likar.

Eg har nok ikkje lese alle dikt her i verda, ei heller har eg lest alt av bøker.
Dette er vell kanskje noko av det som ein burde sette av litt tid til.
Men eg håpar at dette er noko eg kan gjere når eg vert vaksen og får med ei lita krå med ein god stol og ei bokhylle full av litteratur som eg kan kose meg med!

Men tenkte eg skulle prøve å samle dikt eg likar på ein plass, og då er vell bloggen rette staden for det!

Fra Inger Hagerup:
«Jeg gikk meg vill i skogene», Aschehoug 1939 .

«Jeg er det dikt»
Jeg er det dikt som ingen skrev.
Jeg er det alltid brente brev
Jeg er den ubetrådte sti og tonen uten melodi
Jeg er den stumme leppes bønn
Jeg er en ufødt kvinnes sønn
en streng som ingen hånd har spent,
et bål som aldri er blitt tent.
Vekk meg! Forløs meg! Løft meg opp
av jord og berg, av ånd og kropp
Men intet svarer når jeg ber
Jeg er de ting som aldri skjer.

Dette diktet fallt eg for når Klovner i kamp gjorde ein versjon på det.

Eit anna dikt eg likar har eg likt i mange mange år, mest sannsynlig sidan ungdomsskulen når vi lærte om Wergeland. Eg huskar at eg framførte det i første klassa på vidaregåande når vi skulle ha diktanalyse.

SOMMERFUGLEN

Den prektigkledde sommerfugl
er fløyet fra Guds hånd.
Han ga den gyldne ringer
og røde purpurbånd.

Han lærte den å flyve høyt,
høyere enn jeg er.
Den har nok fuglens lyster,
men ei dens dun og fjær.

Og alle verdens mennesker
og alle kongebu
dei gjøre kan en sommerfugl.
Det kan alene Gud.
”Wergeland og de yngste” Tell forlag, Oslo 1945

tirsdag, januar 06, 2009

Hamna 20..

Idag var eg ein tur innom Hamna 20...
Lukta var den samme, den fantastiske heisa var der fortsatt og sjøen slo godt innover uteområdet..
Merkelig korleis eit bygg kan gjere slike inntrykk på meg.. Kjenne eg sakna det litt..

Men mest sakna eg dei eg var saman med når vi leika oss der nede. Alt vi mala, ordna og fiksa...Og alle timane vi bere var saman.. pratane, latteren og minna... Sukk, vert litt for nostalgisk her.. hehe..

Eg er ufattelig glad for at eg har møtt dei folka eg har møtt, og for at eg var tøff nok til å stikke meg fram den vinterkvelden i 2003...

Eg håpar at eg også i framtida tør å vere så tøff, slik at eg kan få muligheita til å treffe like mange
fantastiske folk:)

onsdag, desember 31, 2008

2008 slik eg såg det.

Skal prøve å oppsummere året som har vore, 2008 har verkeleg vore eit år fyllt med masse forskjellig!

Januar:

Januar gikk rolig forbi trur eg, kan vertfall ikkje huske noko anna.
Har jobba på Rokken og i tunet, vore på møte og starta på ny modul av masteren.
Februar starta med ein smell og eit bang. Vinterleikane okkuperte vekeplanen for heile første veka i februar. I veke 7 vart eg velt til vekesjef for veka08( ups.. ikkje akkurat planlagt..hehe..)So stod Barcelonaaaa på timeplanen! Fantastisk by! Det var kjærleik ved første blikk frå mi side. Vi hadde ein super tur med mykje trakking og litt shopping. Eg reiser lett ein gang til! Då skal eg besøke parkar og shoppe enda meir! Barcelona er god på sko;) Eg kan anbefale denne byen på det sterkaste! Sjå bilder på fjesboka:)

Mars gikk også unna i en fei, starta med å verte sjuk..
Mars er også månaden når mammaen min har bursdag. Ho fyllte 50 år i år. Verdens beste mamma uten tvil:) Vi starta feiringa med å overaske henne med selskap den 11. før vi fortsette feiringa i København i påska.
Men vi hadde ein kjempe flott tur bortsett frå at mi kjære svigersøster havna på sjukehus. Så vi skal nok vere med dei ein annan gang slik at dei får ein skikkelig tur. Eg stiller vertfall lett opp:)

I April var eg vist sjuk igjen. Er mykje sjuk ser eg.. Intet nytt under solen med andre ord..
Ellers so var eg dommar på Grand prixen til Volda ungdomsskule, veldig vanskelig var det å sette tal på kor flinke dei va.. Var også ein tur til Oslo i April, der eg var på Norgesnettmøte på Plaza. Tok glasheis for første gang å var bonde på byen;P Det var ellers fint ver i april som virka inn på humøret;) Rokken vart 3 år, merkelig kor tida flyg!
Dokfilm sto også for tur i april. Moro moro! Når står ein ellers frivillig i kø i mange timar?!
Volda er moro under dok.film, for då kjem det gamle kjente.. Slike som gjer at vi kan snakke om gamle dagar.. haha..

I mai var det oppgåveskriving, eller alt for å unngå oppgåveskriving.. Struktur har eg brukt opp, og er ein fryktelig dårlig student. Leverte ei fryktelig dårlig oppgåve. Kjenne eg er flau endå.
Ellers gikk mai sin vante gang med 17 mai og jobbing. Viktig med tradisjonar;p
I Mai var vi også på KISS konsert! Løye!!
Vi kjørte Kissmobil, med skikkelig Kissopplegg! Kisskviss og anna moro! Eg, Geir, Lillian og Klaus
freste oss til Oslo for å oppleve denne fantastiske moroa;P Artig tur! Fikk også teke ein tur på Operataket! Fine fine operaen!

Juni var tida for Bergenstur og Foo fighters konsert! weee! Besøkte Vendel og Vidar!
Herlig tur med herlig musikk! Var også ein tur til Måløy for å besøke Hege. Det var jaggu på tide! Har skulle besøkt ho no i 4 år!
Sidan Anette er så snill så fekk eg vere med på Seigmen i Operaen, noko som er det råaste eg har vore med på! Fytti! Eg vart stum.. Å det er sjeldent! Vi gikk alle ut som lykkelige og bedre mennesker etter den konserten! Det er eg sikker på!

Så var det Juli og sommarferie. I år hadde eg og Geir oss ein rundtur i Noreg. Vi starta frå Volda, var innom Olden, Gjøvik, Porsgrunn, Larvik, Grimstad, Oslo, og Lillehammer.
Vi opplevde utrulig mykje. Bruce Springsteen står nok øverst på lista til Geir, eg er imponert over tempoet til desse karane med tanke på alder!
Veret denne sommaren på østlandet var selvfølgelig ikkje bra.. Medan det på vestlandet var bra. Når skal eg få ein sommar med sol?!
Vi var også på SKRAL denne sommaren. Ein heil bataljon av herlige folk laga Kæmp Volda der vi kosa oss 3 dagar til endes! Hurrraaaaa kor kjekt:)
Etter skral hadde vi late dagar med Cecilie og Solveig. Godt med kvile.. Ladda opp alle batteria eg hadde. Vi kosa oss med is og god mat.. Einaste sola som mangla! Rakk også ein svensketur og ein tur innom Anette i Porsgrunn før vi snudde nasa mot Oslo og Iron Maiden!! Min 2.konsert med desse karane. Valle hovin var dårlige på å arrangere konsert, men heldigvis var musikken toppers! Overnatta på Plaza og bere kosa oss:)
Avslutta juli med bryllaup til søskenbarnet til Geir. Varmt varmt varmt, men fint å få helse på slekta hans:) Eg var flink å lage reiseblogg i Juli, veldig gøy å sjå tilbake på:) Einaste minuset var mangel på sol, eller rettare sagt at sola var framme bere på dagar eg ikkje kunne nyte den;)

August er det tilbake til den gamle tralten, jobb og semesterstart. Eit stort antiklimaks i grunnen. Rart å vere tilbake i bygda som aldri forandrar seg. Starta hausten med å kjøpe bær å fryse det ned slik at eg var klar til ein lang haust. Eg hadde også bursdag i August. Ein fin dag som vart feira med gode vennar:)
Så starta hausten og den verkelege planlegginga til Veka08. Eg skulle også vere student denne hausten. Veka gjekk nok bedre enn studia.. Hehe..

September kom med Veka.
Veka var veldig moro, men slitsom. Vi hadde fantastiske konsertar og ikkje minst fantastiske nach;p Legendarisk rett og slett! Volda er vått og trist om hausten, så då er det kjekt å ha slike ting som veka for å holde oppe humøret. Viktigheita av gode vener viser seg også når hausten er våt og kald.

I Oktober fann eg plutselig ut at eg var student.. Litt stress.. Hehe..
Ellers så gjekk dagane til jobbing og rydding etter veka. Var på ein nydelig Thom Hell konsert.
Likar musikken til denne karen! Løp å kjøp viss du ikkje har høyrt noko av han!
Hausten 2008 var som ein karusell! Det var bere å hoppe på og prøve å halde seg fast!Eg har hatt ein kjempe flott haust, med mykje moro og lite alvor! Akkurat slik slasken i meg likar det.

November gikk med i jobbing, tur til Gursken, fotballkamp på Color line og anna.
Ein månad prega av glede og sorg.

Desemeber var det fokus på jul og eksamen. Skulle vell tenkt litt meir på eksamen, men gjort er gjort.. Tankane gjekk i litt andre banar igrunnen. Brukte mykje tid på å tenke, tankane gikk til å tenke på dei store tinga, ting skjer som gjer at ein får nye perspektiv. Alt dreier seg ikkje om eksamen og julestress.
Eg er så innmari gla i alle dei eg har rundt meg, og er nok ikkje flink til å minne dei på det.
La oss alle huske å gjere det meste ut av kvardagen, ikkje utsett noko til ein annan dag.
Viss ein feirar kvar dag og prøvar å sjå det positive så får vi det mykje betre. Eg veit at eg har mykje å jobbe med her.

Håpar at 2009 kan verte eit postivt år. Der vi har fokuset på å gjere kvarandre best mogleg!
<3

lørdag, desember 27, 2008

Chasing Cars

Eg er ein stor fan av musikk, og spesielt gode tekstar.. Syns denne her er heilt nydelig!

Chasing Cars- Snow Patrol

"We'll do it all
Everything
On our own

We don't need
Anything
Or anyone

If I lay here
If I just lay here
Would you lie with me and just forget the world?

I don't quite know
How to say
How I feel

Those three words
Are said too much
They're not enough

If I lay here
If I just lay here
Would you lie with me and just forget the world?

Forget what we're told
Before we get too old
Show me a garden that's bursting into life

Let's waste time
Chasing cars
Around our heads

I need your grace
To remind me
To find my own

If I lay here
If I just lay here
Would you lie with me and just forget the world?

Forget what we're told
Before we get too old
Show me a garden that's bursting into life

All that I am
All that I ever was
Is here in your perfect eyes, they're all I can see

I don't know where
Confused about how as well
Just know that these things will never change for us at all

If I lay here
If I just lay here
Would you lie with me and just forget the world?

onsdag, desember 17, 2008

Advent

av: Inger Hagerup

Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede
Det står og skinner for seg selv og oss som er tilstede
Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede

Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede
De står og skinner for seg selv og oss som er tilstede
Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede

Så tenner vi tre lys i kveld, for lengsel, håp og glede
De står og skinner for seg selv og oss som er tilstede
Så tenner vi tre lys i kveld for lengsel, håp og glede

Vi tenner fire lys i kveld og lar dem brenne ned
For lengsel, glede, håp og fred, men mest allikevel for fred
på denne lille jord, hvor menneskene bor

mandag, desember 15, 2008

Julebord

Oppskriften på en ødelagt søndag:

Sove litt for lite natt til lørdag.
Reise til eid på personalseminar.
Starte å drikke klokka 16:30.
Drikker meir.
Spise digg mat, udigg kake.
Drikke meir.
Snakke med masse hyggelige mennesker.
Legge seg 05;00.
Stå opp 10:00 for å prøve å spise den digge hotellfrukosten,
uten at eg fikk i meg så alt for mykje mat..

Etter frukosten måtte eg faktisk finne senga igjen, var rett og slett ustø og muligens fortsatt beruset då eg sto opp..
Men rasande festlig kveld med en god gjeng.
Her var det alle aldere, ulike yrker med eit felles mål: Å ha ein fin fin kveld:)
Dette var årets siste julebord, og eg kjenne at det er egentlig heilt ok.
Neste post er no julelunsj i Åsentunet på fredag før eg vende nasa heim til fantastiske Gursken:)

torsdag, desember 11, 2008

48 timar, 5000 ord...

Dette er rammene for eksamenen min.
No har eg sløst vekk 12 av dei. Eg kan nesten høyre klokka korleis den tikkar..

Eg treng struktur i livet mitt, må verte betre på å konsenterer meg om ein ting om gangen..
Skrive meir, sjekke facebook mindre og så vidare..

Dette er vell ting som kjem opp kvar eksamenstid, og eg må bere innrømme at eg aldri vert betre.
Derfor har eg lyst å avskaffe denne ansvar for eiga læring, eg er eit bevis på at det ikkje fungerar..
La oss ha mappeoppgåver, med arbeidskrav som må leveres..
Eksamen er ingen realistisk situasjon, og det irriterar meg meir og meir..

Så medan eg irriterar meg, les bloggar, sjekkar facebook og ser episode nr veit ikkje av CSI, NCIS eller anna søppel som går om natta så går klokka..
Kanskje på tide å starte?
Trur det...

mandag, desember 01, 2008

Tenn lys..


Tenn lys!

Et lys skal brenne

for denne lille jord,

den blanke himmelstjerne

der vi og alle bor.

Må alle dele håpet

så gode ting kan skje.

Må jord og himmel møtes.

Et lys er tent for det.

Ein anna bloggar hadde funne bildet og diktet, så eg tok meg den fridom å kopiere..
I går var det 1.søndag i advent, men den dagen forsvant i oppgåvekaos.. Men no er oppgåva levert og dei siste dagane kan synke inn.
Tankane dei siste dagane har gått med til å tenke på dei store tinga, ting skjer som gjer at ein får nye perspektiv. Alt dreier seg ikkje om eksamen og julestress.
Eg er så innmari gla i alle dei eg har rundt meg, og er nok ikkje flink til å minne dei på det.
La oss alle huske å gjere det meste ut av kvardagen, ikkje utsett noko til ein annan dag.
La fokuset vere å ta vare på kvarandre, sjå det beste i andre og aldri dømme nokon etter førsteintrykket.
<3

torsdag, november 27, 2008

Den her var gøy:)

Eg me vil stele den her;)

A : You like to drink
B : You like people.
C : You are really silly.
D : You like to drink.
E : awesome kisser.
F : You are dead sexy.
G : You never let people tell you what to do.
H : You have a very good personality and good looks.
I : You are great in bed.
J : People Adore You
K : You're wild and crazy.
L : You like to drink
M : best kisser ever.
N: You like to drink.
O: Easy to fall in love with
P : You are popular with all types of people.
Q : You are a hypocrite.
R : Easy to fall in love with.
S : Fuckin crazy.
T : Easy to fall in love with.
U : You really like to chill.
V : you are not judgemental.
W : You are very broad minded.
X : You like to drink
Y : Best g/f b/f anyone could ever ask for
Z : Always ready


C : You are really silly
A : You like to drink
M: best kisser ever
I: : You are great in bed
L: You like to drink
L: You like to drink
A: You like to drink

Litt for glad i å drikke kanskje?! Hahaha..
Heldigvis er eg flink til å kysse og great in bed;)
Å ikkje rart at eg er silly når eg er drunk heile tida;P

torsdag, november 13, 2008

Hurra! Eg har fått min første nerdeblogting;) Fikk den av Inga! Tuuusen takk:)













Reglerna är följande:
1. Den nominerade får lägga upp bilden på hans/hennes blogg.
2. Länka till personen du fick den ifrån.
3. Nominera minst 7 st andra.
4. Länka till dem i inlägget.
5. Lämna ett meddelande på den nominerades blogg

Den går vidare til:

Tone Helene
Anne

Pida
Helge
Irene
Marit


lørdag, november 08, 2008

Utan ord.

Ein eg kjente, og som var ein god ven med mange av mine venar, vart funnen død torsdag. Eg brukte lenge på å forstå at han var dø, håpte at eg hadde lest feil, at eg hadde høyrt feil.
Eg vart utan ord og plutseleg var alt rundt meg mykje mindre viktig.

Det var ikkje så viktig med den oppgåva eg ikkje har starta på, eller alt pensum eg burde ha lest..
Vi er så innmari små i den store samanhengen, og vi må huske å ta vare på kvarandre..
Kva betyr vell alle dei materialistiske tinga vi har rundt oss viss ikkje vi har nokon å dele dei med?
La oss huske å stoppe opp, puste litt og gi kvarandre ein klem eller to.
Alle treng vi nokon, nokon som kan lytte når vi treng det, eller nokon som bere er der utan at det vert sagt eit ord.
Ta vare på kvarandre alle saman!