søndag, januar 25, 2009

Jenter er sin eigen verste fiende..

Vi jenter er ein merkeleg rase, vi kan liksom ikkje vere venner heile tida.. Alltid må livet vårt sjå ut som ein såpeopera, alle kan ikkje ha det bra samtidig.. Skal tru kvifor det er slik? Vi har uskrevne reglar som gjeld for både det eine og det andre. Stakars menn og foreldre som skal prøve å følge med på kva som er rett, det som er rett forandrar seg ofte! Det som er rett ein dag kan vere feil den neste. Vi er ekspertar på å trykke kvarandre ned i driten, lage drama nok til å fylle eit år med Hotell Cæsar. Når vert vi ferdig med dette?! Er dette noko vi veks av oss?
Eg er sterkt tvilande..

Alt frå vi er små så lagar vi intringer. Stenger folk ute, mobbar, plagar kva for klede og sko du brukar. Hadde jenter fått litt strengare oppdraging hadde talet på mobbarar gått drastisk ned. Vi er små terroristar som trampar på dei vi kan for å vere kulast, tøffast eller finast.
Du må enten vere den kule eller melde deg ut av gjengen å vere utskudd.
Det verste for ei jente er å verte aleine. Talet på vener er på ein måte ein indikator på kor populær ein er.. Om mange vener betyr det alltid er gode vener er ein heilt annan sak.
Ein vis person sa, heller få nære vener enn ein haug med bekjente.. Eg likar å tru at eg har ein god kombinasjon av dette.

Å alle desse jentetankane dreg vi med oss når vi veks opp. Eg er utan tvil ein person som er avhengig av mange gode vener rundt meg, gode vener som eg kan skape gode minner saman med!
Eg prøvar å fylle livet mitt med positive folk som kan riste litt liv i pesimistiske meg.
Eg prøvar å unngå å omgås folk som dyrkar det negative, mest fordi at eg er redd for at eg skal verte slik sjølv. Ein som ser alt som eit problem og aldri sjå forbi si eiga nase.
Eg kjenner at eg er litt ferdig med sånt drama, kall ein spade for ein spade og ha nok "ballar mellom beina" til å sei ting slik det er framfor å skape intriger og konspirasjonsteoriar.

Min største forbannelse på jord er nok angsten min. Den kjem snikande som ein ond person som fortel meg at eg er viggo vennelaus og kjem til å ende opp aleine og råtne vekk utan at nokon merkar det.
Sjølvsagt veit eg at dette er feil(håpar vertfall det;p), men likevel så er det enkelte svake øyeblikk at eg nesten trur det, at eg skal ende opp utan vener rundt meg.. Skrullete? Jeps..

Eg prøvar å fortelje meg sjølv kvar dag kor heldige eg er som har masse flotte folk rundt meg. Gode vener og ei fantastisk familie, og kor heldig eg er som leve i denne delen av verda.
Kva er vell mine små problem kontra krig og katastrofar?

Vil anbefale alle å lese denne bloggen her.. Denne fekk meg til å tenke litt og sjå kva som eigentleg betyr noko..
Bloggen tilhører Regine. Ei 17 år gammel jente som har fått diagnosen MDS/AML. Ho beskriv korleis det er å leve med/verte behandla for det.

Grip dagen folkens og nyt kvar augneblink<3

2 kommentarer:

maiken sa...

Dette var dypt. Og FOR ei modige jenta.

Camilla sa...

Ja. Eg beundrar motet hennar!
Denne bloggen sette spor..