torsdag, juli 16, 2009

I minneboka

Har hatt ryddings av heimen idag! Rydda i skuffer og skap, var veldig på tide..
Eg vert alltid litt nostalgisk når eg ser tilbake på gamle minne!

Fann masse rart frå "gamle dagar" som foreksempel dagbøker frå 2ooo -2003.. Her var det mykje rart, men for min og andre sin del så er det lite som tålar offentlegheita sitt lys.. sjølv så mange år etter..
Men litt kan eg røpe...:
- I perioda 2001/ 2002 var eg mykje og ofte forelska! Eg var gjerne forelska i fleire samtidig.. Å like ulukkeleg kvar gong..Drakk meg til mot fleire gongar, men det gav meg bere meir angst dagen derpå..Eg tørte nok heller ikkje å seie til dei at eg var forelska, men prøvte å hinte på min elendige nerdemåte..hehe.. Irc var mykje brukt.. Uheldigvis kom desverre også mobilen på plass.. Korleis ligg dei ann med alkolås på telefon?
Heldigvis så er der mange positive episoder frå denne tida, men dei held eg for meg sjølv!;p

- Før eg starta å jobbe på kroa i 2003 hadde eg kanskje vore i Volda 5 helger på 2,5 år.. Dette forandra seg med Kroa.. Synd med tanke på at eg nok mysta mykje kontakt med dei heime, men samstundes så angrar eg ikkje ein centimeter! Eg trengte å få nye perspektiv og få utvikla meg som sjølvstendig.. Våren 2003 var ei rask innføring i akkurat dette:) Avslutta med ei av dei mest fantastiske 17.mai feiringane i mitt liv! Får gåsehud og tårer i augene bere av tanken!

- Mange av dei eg var nære venar med denne tida har eg lite eller inga kontakt med den dag idag.. Noko av dette kan nok skuldast mitt engasjement på Kroa og i samfunnet, men eg trur at eit vennskap burde overleve om det var meininga sjølv om eg var mykje opptatt. For mykje opptatt vil nok mange seie, men igjen så var dette i mi "vokse opp" fase, som nemnt ovanfor så ville eg aldri ha veld det vekk! Men enkelte skulle eg ynskje eg endå hadde på 10 siste anrop lista:)

- Eg omtalte konsekvent Amsterdam som Amster.. Dette hadde eg gløymt, og ikkje veit eg grunnen til denne elendige forkortinga;p Amsterdam var ein kafe/uteplass som var hot i Volda på den tida!

- Eg har jobba som telefonseljar, eller telemarketingkonsulent som det heiter på fint;p Eg var til tider svært god, så det var ikkje min feil at dei slutta.. Var god biinntekt til studiane!

- Eg kjøpte mitt første og einaste par med buffalo sko.. Svarte og kvite.. Veldig fine sånn i 2001;p

- Eg skreiv veldig mange suppetriste dikt i desse åra og åra før.. Det har eg ikkje gjort på mange år.. Sikkert fordi eg er sambuar og har det flott, sidan alle desse handla om kjærleik eller mangel på sådan..

- Eg var grusomt fjortis og må ha vore eit vanskeleg vesen å forhalde seg til, noko eg framleis er når eg tenker etter;)

3 kommentarer:

Anne sa...

Hahahaha, fantastisk! Det e skummelt koss mye snålt man kan finna på å skriva ned når man e skikkelig fjortis. Og ikkje minst koss man dramatisere og overdrive. Regne med du nok koste deg når du leste ja:)

Ingaplings sa...

haha, e føle me nesten litt ganske lik i di beskriving...

kroa gjorde masse me mitt liv, masse me korsen e utvikla me som menneske... lure på kor e hadde vært i dag, om e ikkje va der, der og då...

mange folk som ha gått forbi, men e trur en helde dei i se sjøl om en ikkje har daglig kontakt e... e kunne tenkt me å holde kontakta me mange, men i "voksenlive" så ha e funne ut at det til tide kan være veldig vanskelig... en planlegge, å så går de kje i siste liten likavel.

e gleda me til den dagen e kan invitere til et heidundrandes kalas, då skal alle få invitasjon, alle som e fremdeles har tlf-nr til, og alle som e har på facebook, e digga fb sine fasiliteta med å holde se oppdatert på gamle kjende!

Du e uten tvil invitert, å e trur kanskje at du kan få lov til å være me på planlegginga, slik at vi sleppe stjerne og q-tips over alt, for ikkje å snakke om elendige stjerneskudd og dårlige nach der en drikke vatn og gin!

smask søta

Camilla sa...

Hehe.. koste meg stort når eg las det, men rødma eit par ganga ja..

Ej takka for invitasjon å e lett med på å planlegge;) Men ka hadde vi vell vore uten stjernene som ej forøvrig finne enda, og herlige nach med vatn og gin;p Vi he vertfall en haug med gode historie;)