mandag, november 03, 2008

Home sweet home!

I helga var vi heime i Gursken for å lufte oss litt..
Sjølv om Gursken er mykje mindre enn Volda er det godt med litt luftforandring.
Helga vart brukt til å sløve med familien, shoppe litt julegaver og julepynt, ein tur til verdens beste farmor og ein liten tur ut! Søndag var vi i Ålesund på fotballkamp og såg Aafk mot LSK.

Eg heiar vell strengt tatt ikkje på nokon av laga, men heia på Magnus Myklebust sidan han er frå Gursken. Heia også på "ballguttane" sidan mine to minste søsken var med. Dei var kjempe flinke:) Ellers vart eg imponert over den jobben Aafk gjer med tifo, stemninga på stadion var utruleg bra! Hadde laget vore like flinke som supportarane så hadde dei ikkje kjempa i nedrykksstriden.

Livet i Volda går ellers sin vante gang. Eg må sette igang med å skrive oppgåve, men så var det alt anna som var meir moro.. Men Fredag er deadline for å starte, har ikkje eg starta iløpet av denne veka så kan eg faktisk bere melde meg av å prøve igjen neste år. Så no skal eg ta meg sjølv i nakken å gjere ein innsats for å verte ferdig som student ved Høgskulen i Volda;p

Ingen kommentarer: