tirsdag, juni 03, 2008

Sommaren er her!

Då var sommaren over Volda, om ikkje anna for eit par dagar.

Min store konsertsommar starta helga som var med Kisskonsert!
Det var ei oppleving av dei sjeldne! Vi gikk derfra med eit stort smil rundt munnen:)

Konserten var i Oslo, så eg, kjærasten min Geir, Klaus og Lillian la ut på roadtrip fredag.
Vi kjørte Kissmobil, med skikkelig Kissopplegg! Kisskviss og anna moro!
Vi stoppa ofte og hadde skikkelig ferietur nedover i Norges land.
Fredagen gikk med til å innlosjere seg her og der, før vi tok turen til Oslo Mekaniske Verksted, ein uteplass som ein kompis av Klaus driv. Skikkelig koselig plass!

Lørdag var det litt shopping før vi sette oss på Saras telt, der det var Kissvorspiel! Her møtte eg også Ragnhild:) Skikkelig kos å møte kjentfolk når ein først er i tigerstaden! Etter mykje kos var det konsert for alle penga:) Wow sei eg bere! Her var det pyro og moro i fleire timar! Skikkelig gjennomført! Med tanke på alderen til karane på scena so held dei seg godt;)
Etter konserten var det tilbake på Saras telt for kissnach før senga kalla. Var nokon fornøgde ansikt som la seg natt til søndag!

Søndag var vi ein tur på operataket før vi vende nasa mot Volda. Perfekt avslutning på ei fantastisk helg!

Så nå gler eg meg til Foo fighters i Bergen!! Det blir konge!! Gleda meg også masse til å treffe alle bergensfolka!

Veldig fin den operaen! Om den er verdt pengene? Det får eg sjå 21. juni på Seigmen me Anette:)

1 kommentar:

Anette sa...

Det kribler fra lilletåa til lillefingeren av glede over Seigmen. Teller dager til det, og dager til hus. Hehe.