torsdag, februar 15, 2007

Balsam for sjelen..

Takk Gisle Børge og Heine for ein strålande aften!
Det var ein heilt fantastisk kveld for ei sleta sjel..

Kom på Rokken klokka 22 sliten som fy, men etter nesten
2 timer med dei to overnevnte på scena så var energien tilbake!
Kvelden enda med eit merklig nach, og eg kjenne at eg kjem til å angre når eg
må stå opp om 6 timar.. Men jaggu so gøy det er med Veka!

Veka forøvrig har vore musikalsk sett nydelig! Søndagen var koslig med Magnus Hængsle. Mandag var det Bandstand, aldri har det vore so høg standar! Juryen hadde ein vansklig jobb. Tirsdag var det Kari Bremnes med to fantastisk dyktige musikarar og idag var det då Gisle Børge og Heine.. Veka vert bere betre og betre! I morgon er det 120 days og Lionheart Brothers!!
Kom dykk ut av godstolen og kom på Rokken!! Vi har fortsatt nokon dagar igjen!!

Slitne er vi alle mann, men satser på at energien kjem no til siste helga!

Ingen kommentarer: