torsdag, mai 20, 2010

3 månedar og 6 dagar til bursdag!

Eg ynskjer meg:
Gode opplevingar, flotte dagar med gode vener, herlige kveldar med godt selskap, ny klippesaks, ny klippekappe, krølltang, koffert, gåvekort på butikken til Siri,gåvekort på digge hårprodukt med frisør, gåvekort på bohus eller skeidar eller Ikea, bunadsring, eit esel, ein gris eller kyllingar gjenom kirkens nødhjelp!

mandag, mai 17, 2010

Gratulerer med dagen Noreg!



Til lukke med dagen alle saman! Håpar alle får ein flott dag med alt hjartet måtte ynskje!

torsdag, mai 06, 2010

Camilla testar!

Eg tenkte eg skulle starte ein ny tråd på bloggen..Camilla testar!!
Ikkje særleg orginalt, men skitt au;)
Eg er eit luksusdyr når det kjem til hår og hudpleie, betalar gjerne litt ekstra for å få gode kremar! Sidan huda mi i utgangspunktet er svært kresen på kva den likar så har eg testa litt ymse. No i det siste har det gått i REN!




Den skrubben er noko av det diggaste eg har prøvd! Med oljer inn slik at du slepp å smøre deg med body lotion etterpå! Dette gir soft hud!! Ellers så brukar eg heile sensitiv skin serien, prøvar å ta skikkelig vare på huda mi..Det går bra enkelte dagar:P

Eg har verkeleg fått opp augene for serien REN! Har testa ut fleire produkt, og huda mi jublar! Dette luktar reint, kjennes reint og er reint! Utan kjemikalier og smuss som øydelegg meir enn det reparerar! Les meir om REN her!


Idag har eg testa ut Elisabeth Arden sin Green tea, warm hand and foot scrub!
Den vert varm når du har den på huda saman med vatn! Er redd den vert fort brukt opp for detta var digg! Er mjuk i huda og det luktar digg! Kjenner eg må bruke handkrem etter denne, så held ein knapp på scrubben frå REN som har oljer i..Eg er lat.. Fint å få alt i eit:P